Magdalen Berns (1983-2019): Den vesle kvinna med den enorme styrken
Dersom du følgjer transdebattar på nettet, har du nok kome over Magdalen Berns sine modige, humoristiske og kompromisslause videoar lasta opp på YouTube. Som lesbisk, radikalfeministisk ung kvinne nekta ho å bøya seg for kjønnsidentitetsideologi, og dette fekk ho mykje hat for. Men viktigast av alt: som YouTube-stjerne ga ho røyst til så mange som ikkje kan eller torer ta til orde. Ho heldt fana så høgt, for ytringsfridom, kvinners menneskerettar, lesbiske, homofile og bifile og barna sine rettar, at hennar arv og ettermæle er ei vedvarande kjelde til styrke og kunnskap for så mange.
Videoane hennar finn du Her
Ho publiserte den fyrste 10. april 2016 og fekk laga 64 videoar fram til ho døydde av hjernekreft tre år seinare. Ho har over 36 000 følgjarar, og videoane er sett og delte hundretusenvis av gonger. Kjønnsidentitetsideologien som organisasjonen FRI og andre «skeive» organisasjonar og prostitusjonsorganisasjonar her til lands frontar, preikar at kjønn er ein essens eller overnaturleg storleik inni oss, ikkje ein biologisk realitet me blir fødde med. Kjensler er kjønna, medan kroppar ikkje er det og skal underordnast kjenslene, sjølv om ingen kan forklara korleis kjensler har kjønn. Dette er ideologien som ligg til grunn for Lov om juridisk kjønn som Norge innførte i 2016, og som mange andre land har eller vurderer innført. Men ingen land har like radikal lovgjeving på området som Norge, der barn ned til 6 år sjølve kan «bestemma» kva kjønn dei har.
Berns såg tidleg kva konsekvensar ein slik ideologi får. Når orda «kvinne» og «lesbisk» inkluderer hankjønn, sluttar definisjonane å ha eit reelt innhald, og lovene som er kjempa fram av og for grupper som er inkludert i definisjonane, er ikkje lenger reelle. I videoane som ho spelte inn sjølv og redigerte med opplysande kryssklipping, tragi-komiske overskrifter og tekstutdrag frå diverse transaktivistar, plukkar ho kjønnsidentitetsideologi og transaktivisme frå einannan, igjen og igjen. Ho viser at denne ideologiske bølgja er kvinnehatande, homofobisk og skadeleg, og ho gjer det med klar og ærleg tale, lynskarp argumentasjon og engelsk, herleg tørr humor.
Berns var fødd i London og arbeidde som lydteknikar fram til ho flytta til Skottland og byrja studera ved Universitetet i Edinburgh. Ho studerte ingeniørfag, og fekk stipend frå Women’s Engineering Society der. Sidan studerte ho fysikk, og ho blei uteksaminert i 2016. Ho var dessutan sjølvlært dataprogrammerar og utvikla programvare. Berns var også boksar, og danna bokseklubb for kvinner som student, og deltok i mange prestisjetunge bokseturneringar. Boxing Scotland har minnast ho som «ein pioner for både kvinneboksing og universitetsboksing i Skottland».
Det er internettpublikasjonane ho er mest kjend for, men ho var også aktiv i grasrotorganisering av kvinner, og i kvinneorganisering og protestar på universitetet, noko som gjorde at ho offentleg og permanent blei dømd av universitetet sitt for «valdeleg og ureglementert framferd» fordi ho hevda at menn ikkje kan bli kvinner, og dermed heller ikkje lesbiske. Ho starta saman med tre andre kvinner organisasjonen For Women (https://forwomen.scot/).
Her kan du lesa kva partnaren hennar, Nicole Jones, fortel om studenttida og kampen i saman med Berns: https://satiricole.medium.com/a-culture-of-fear-universities-and-the-division-of-lgb-youth-bb6b6032a70f.
Dette er ein tale Jones heldt ved danninga av LGB Alliance i Glasgow, ein organisasjon som er danna etter brot med Stonewall, organisasjonen som tidlegare fronta homofile og lesbiske sin kamp, men nå er blitt ein transaktivismeorganisasjon og kjønnsidentitetslobbyist slik FRI er det. Jones avsluttar slik: «Det som skjer i Skottland nå [kamp om kategorien biologisk kjønn] har tyding overalt». Det same gjeld i aller høgaste grad for Norge.
Her er Magdalen Berns eigne ord, frå YouTube-kanalen hennar:
‘To identify womanhood as femininity is about as sexist as you can get. Woman is defined as an adult human female. Female is defined by her reproductive sex organs. If you accept the mantra “transwomen are women”, lesbianism doesn’t exist. If you’re born with a penis and balls, you’re male – you don’t get assigned reproductive organs. Males are defined by their biological sex organs; likewise, homosexuals are attracted to individuals of the same sex. Lesbians don’t have penises.’